paradis

Tusen takk for hjelpa til alle som var med på dugnad onsdag 10. april! No har elevane fått mange nye paradis i friske fargar rundt skulen.

Gleda og aktiviteten var stor i første friminutt i dag, det var kø av elevar som ville hoppa paradis.

I tillegg til nye paradis, er alle utebenkene malt eitt strøk, i ballbingen er rotne bord byta ut og malt, og det vart til og med tid til litt luking. Alt dette vart gjort på eit par timar. Me er mektig imponert over innsatsen!

Nedanfor ser du fleire bilete av kor fint det har blitt.