Stad: Bandadalsplassen 3

Dag: fredagar

Om du ikkje har registrert deg i vaksinekø, så gjer det så snart som mogleg. 

Tilbod om 3. dose for dei med alvorleg nedsett immunforsvar eller immunreduserande behandling

Ta kontakt med koronasenteret for tildeling av time, tlf 53 49 66 66 klokka 09.00 - 15.00 måndag til fredag. 

Dokumentasjon på sjukdom eller aktuell medisinbruk for dei som skal ha dose 3, vert teken med til vaksinetimen.

Tilbod om 3. dose til dei over 65 år er under planlegging. Det må ha minimum gått 6 månader sidan førre dose. Det kjem meir informasjon om dette etter kvart.

Det vert elles vist til nettsida www.fhi.no eller informasjon gjennom andre kjelder om 3. vaksinedose, og kven dette gjeld.