Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Tenesteomtale

Unge kvinner er tilrådd vaksine mot humant papillomavirus (HPV). Vaksinen kan førebyggje livmorhalskreft og førestadium til livmorhalskreft.

 

Vaksinasjon

Målgruppe

Kvinner fødd i 1991-1996 får tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet gjeld også for kvinner som er fødd i 1997 eller seinare, dersom dei av ulike grunnar ikkje har fått HPV vaksine i grunnskulen.

Unge kvinner er tilrådd vaksine mot humant papillomavirus (HPV). Vaksinen kan førebyggje livmorhalskreft og førestadium til livmorhalskreft.

Vaksinasjonen består av tre vaksinedoser, og må startast innan utgangen av 2018 og avsluttast innan 1. juli 2019. Det skal vere minimum 1 mnd. mellom 1. og 2. dose og minimum 5 mnd. mellom 2. og 3. dose. Alle doser tel med, sjølv om det har gått lang tid mellom dosane. Om ein t.d. har fått 1. dose i november 2016, kan ein halde fram med 2. dose i 2018.

Følgjande tilbod gjeld for både 1., 2. og 3. dose ved Stord helsestasjon (Myro):

•        Onsdag 22. august kl. 14.00-15.00

•        Torsdag 6. september kl. 14.00-15.00

•        Torsdag 20. september kl. 14.00-15.00

•        Torsdag 4. oktober kl. 14.00-15.00

•        Torsdag 18. oktober kl. 14.00-15.00

Det vil bli lagt ut fleire datoar for vaksinasjon utover hausten/vinteren.

For meir informasjon om HPV og HPV-vaksine:

Folkehelseinstituttet si nettside: www.fhi.no/hpv-vaksine

Tenesta oppdatert: 01.06.2022 14:26