Om du ikkje har registrert deg i vaksinekø, så gjer det så snart som mogleg. 

Informasjon til deg som skal ha vaksinesdose 3 grunna medisinsk årsak:

Ta kontakt med Koronasenteret på tlf. 53496666 for tildeling av time

Vaksinedose 3 for personar over 65 år:

  • Til deg er over 85 år - Me tek kontakt på telefon for å tilby dose 3. Me har ikkje nådd alle via telefon. Dersom du ikkje er blitt kontakta, ring Koronasenteret på tlf 53496666.
     
  • Til deg som har fått vaksinedose 2 innan 31.05.2021, vil få tilbod om vaksinedose 3 i desember. Du vil få tilsendt eit timetilbod. Vaksinasjonsdagane vert torsdag 2.12 og fredag 3.12.21
     
  • Til deg som fekk vaksinedose 2 innan utgangen 30.06.2021, kjem me attende til med nærare informasjon.
     
  • Dei som er fødd 1937 – 1956 må registrera seg i vaksinekø for 3. dose. Om du syns det er vanskeleg å registrera deg kan du ringa Koronasenteret på tlf 53 49 66 66 for hjelp til registrering.

Til deg som ikkje har registrert deg til vaksine, uansett alder, og ynskjer vaksinetilbod. Register deg i vaksinekø og du får tildelt time så snart som råd er.

Les meir på FHI sine sider om vaksinasjon 

Intervall mellom vaksinar

Dei som skal ta vaksine mot influensa eller andre sjukdommar, i tillegg til koronavaksina, må hugsa at det skal gå minst ei veke (7 dagar) mellom vaksinane som vert sette.

Oppmøtestad for koronavaksinering.