Vaksinasjonsdagar kvar veke er onsdag til fredag. Vaksineringa er på Vikahaugane sportsenter frametter.  Inntil vidare er det berre Pfizer Biontech vaksine som vert levert til innbyggjarane på Stord.

I veke 18 er levering av 474 dosar. Ein vil då vaksinera aldersgruppa 68-65 år. Samt starta på gruppa med underliggande sjukdom i alder 55-64 år.

I veke 19 er det varsla levering av 576 dosar og ein vil då fortsetje vaksinering av aldersgruppa 65 år og underliggande sjukdom alder 55-64 år.

Den einskilde vil få SMS når det er deira tur. På SMS meldinga vil det vera ei lenkje ein skal trykka på og svare på spørsmål knytt til helse, samt stadfesta at ein tek i mot timen til vaksinering. Dette må ein helst gjera innan 24 timar frå motteke SMS.

Om du ikkje vil nytta deg av timen så er det viktig at den vert avbestilt. Om ein får vanskar med registreringa så ta kontakt med Koronasenteret på telefon 53496666.

Innbyggjarane som er under 65 år og ikkje innanfor risikogrupper for moderat og høg risiko for alvorleg sjukdom kunne registrera seg via lenkje for å få tilbod om vaksine, gå inn på kommunen sine nettsider under fana vaksinering for å få utført det.

Dei prioriterte gruppene er vidare:

  • Alder 65-68 år
  • Alder 55-64 år med underliggjande sjukdom/tilstand
  • Alder 45-54 år med underliggjande sjukdom/tilstand
  • Alder 18-44 år med underliggjande sjukdom/tilstand
  • Alder 55-64 år
  • Alder 45-54 år