Vaksinasjonsdagar kvar veke er torsdag og fredag. Vaksineringa er på Vikahaugane sportssenter. Det berre Pfizer Biontech vaksine som vert levert til innbyggjarane på Stord. 

I veke 23 er det varsla levering av 840 dosar.

  • 720 dosar til dose 2
  • 120 dosar til 1. dose
  • Tilbod om 1. dose vaksine vert no gitt til dei som har registrert seg i vaksinekø utan underliggjande sjukdom, og ein går etter alder når tilbod vert sendt ut.

I veke 24 er det varsla levering av 720 dosar

  • 453  til 2. dose
  • 264 til 1. dose
  • Tilbod om 1. dose vaksine vert gitt til dei som har registrert seg i vaksinekø utan underliggjande sjukdom, og ein går etter alder når tilbod vert sendt ut.

Registrer om du vil ha vaksine

Det er no viktig at dei som ønskjer vaksine når det vert aktuelt, registrerer seg. Registrer deg i "vaksinekø" her. Det er nærare 4450 personar som har registrert seg for vaksine, men fleire bør gjera det.  

Når er det din tur?

Den einskilde vil få SMS når det er deira tur. På SMS meldinga vil det vera ei lenkje ein skal trykka på og svare på spørsmål knytt til helse, samt stadfesta at ein tek i mot timen til vaksinering.

Time til 2. dose vert sett opp etter gjeldande retningsliner, me kan ikkje endra desse. Forkorting av intervall til dose 2 vert ikkje gjort av andre årsaker enn helsemessige grunnar.

Om du ikkje vil nytta deg av timen så er det viktig at den vert avbestilt slik at andre kan nytta seg av timen, og om ein får vanskar med registreringa så ta kontakt med Koronasenteret på telefon 53 49 66 66.

Dei prioriterte gruppene er vidare:

  • Gruppe 8: Alder 64 – 55 år
  • Gruppe 9: Alder 54 – 45 år
  • Gruppe 10: Alder 18-24 år og 40-44 år
  • Gruppe 11: Alder 25-39 år