Vaksinasjon går føre seg kvar veke torsdag og  fredag på Vikahaugane sportsenter. Det Pfizer Biontech vaksine som vert levert til innbyggjarane på Stord.

Dei  som ønskjer vaksine, må registrera seg i vaksinekø. Det gjeld og` dei i som tidlegare ikkje er komne med under aktuell prioriteringsgruppe, eller som har vore usikre.

Gå inn på kommunen sine nettsider under fana vaksinering, for å gjera dette. Det er no 6554 personar som har registrert i vaksinekøen.

I veke 29 er det levering av 1064 dosar til dose 1 i prioriteringsgruppe 9, 10a+b og 10% til pedagogisk personell i skular og barnehagar.

I veke 30 er det levering av 1290  dosar til dose 1 i dei same gruppene og me startar med prioriteringsgruppe 11.

Time til 2.dose vert sett opp til gjeldande retningslinjer, me kan ikkje endra desse. Forkorting av intervall til dose 2 vert ikkje gjort av andre årsaker enn helsemessige grunnar.

Om du ikkje vil nytta deg av timen så er det viktig at den vert avbestilt slik at andre kan nytta seg av timen. Om du får vanskar med registreringa så ta kontakt med Koronasenteret på telefon 53496666.

Dei prioriterte gruppene er vidare

Gruppe 9: Alder 54-45 år – alle i denne gruppa skal no ha fått tilbod om time til vaksine

Gruppe 10 a og b: Alder 18-24 år og 40-44 år – alle i desse to gruppene skal no ha fått tilbod om time til vaksine

Gruppe 11: Alder 25-39 år – utsendinga av tilbod om vaksinetime til dei eldste i gruppa er starta.