Vald i nære relasjonar er eit omfattande samfunnsproblem og statistisk kan det vera inntil 600 innbyggjarar som kan vera utsett for dette i Stord kommune. Slik vald kan gi skade både på kort og lang sikt, og arbeid med å førebyggja slik vald har vore høgt prioritert av sentrale styresmakter.

Planen omfattar fem fokusområde: Informasjonsarbeid og førebyggjande tiltak, samarbeid og rutinar, oppfølging av valdsutsette, oppfølging av valdsutøvar og samarbeid med frivillige. Innanfor kvart område er det lagt inn tiltak med tidsaspekt og ansvar.

Plandokument