Valstyret er ansvarlie for at valoppgjer føregår på riktig måte og handsamar klage på gjennomføring av kommunestyrevalet. Valstyret oppnemner nye varamedlemer til kommunestyret i samband med uttreden.

Etter vallova skal det i kvar kommune vera eit valstyre, valt av kommunestyret. I Stord har valstyret 11 medlemer. Valstyret sin leiar er ordførar.

Valstyret er oppretta med heimel i valgloven §4.1 jf kommunelova §10. Dei vanlege sakshandamingsreglane i kommunelova om opne møte, annonsering av møte osb. gjeld for valstyret sine møte. Valstyret har som oftest møta sine på same dag som kommunestyremøta. Møta blir annonsert på nettsida og i Bladet Sunnhordland.

Medlemer i valstyret finn du her.