Ved at det etablerer seg trådalgar på vasspestplantene dannar det seg matter av «gørr» på vassflata. Foto: Stord Fitjar landbruks- og miljøkontorStor fare for spreiing

Vasspest spreier seg svært lett. Plantebitar på få cm kan vere nok til å etablere ein ny bestand. Etter naturmangfaldlova er alle forplikta til å ta omsyn til naturen vår.

For å unngå spreiing av denne framande, skadelege arten må derfor:
▪ Båtar, kanoar o.l. som vert brukt i Storavatnet må ausast heilt tomme (inkl. nede i kjølen), vaskast reine for planterestar og tørkast grundig før dei eventuelt vert brukt andre stader.
▪ Utstyr, klede, tauverk og fiskereiskapar som garn, sluk o.l., må vaskast for planterestar og tørkast grundig før det vert brukt andre stader.

Vasspest kan bli så dominerande, at planta blir til hinder for ferdsel på vatn, for fiske og bading. Problemplanta kan og redusere kvaliteten på drikkevatnet, og endra levekåra for stadeigne artar i vassdraget.

Bilete i artikkel: Ved at det etablerer seg trådalgar på vasspestplantene dannar det seg matter av «gørr» på vassflata. Foto: Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor

Meld frå om nye førekomstar

Om planta vert registrert tidleg i etableringsfasen kan det vere håp om å få utrydda den på staden. Meld frå om nye førekomstar til Fylkesmannen i Vestland på telefon 55 57 23 15 eller på e-post: fmvlpost@fylkesmannen.no

For spørsmål om restriksjonar og bruk av vassdraget kan ein òg kontakte Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor på telefon: 53 49 66 00