Område som skal regulerast er på omlag 1730 daa. Planavgrensinga er synt på kartet nedanfor.
Planavgrensinga vil verta vesentleg innsnevra når det vert fastsett kva areal som er naudsynt å regulera.
For oversiktskart, sjå planområdet i google map

Kart som syner planavgrensing

Planstatus og føremål med planen

Gjeldane plan for området er kommuneplan for Stord 2010-2021. Området er i hovudsak sett av til landbruks-, natur-, friluftsområder samt reindrift - LNFR.

Hovudformålet med planarbeidet er å oppgradera og leggja til rette for ny infrastruktur knytt til reservevasskjelda Ravatnet. Aktuelle nye tiltak er; ny inntaksleidning i Ravatnet, to nye høgdebasseng, eit nytt reinseanlegg, ny hovudvassleidning frå Ravatnet og mot sør (om lag 4,7 kilometer), justeringar og utbetringar av Vatnadalsvegen, bygging av veg, som følgjer trasen til «Gerdastien», aust for gardstun på Øvre Økland, samt utviding av eksisterande parkeringsplass ved turveg sør for Øvre Økland. Ein må også sikra naudsynt areal til rigg- og anleggområde under anleggsperioden.

Planen er vurdert i høve til forskrift om konsekvensutgreiing, og Stord kommune har konkludert med at planarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing.

Dokument

Plankonsulent og tiltakshavar

Planen vert utarbeidd av COWI AS på vegne av Stord kommune v/ Stord kommunalteknikk.

Informasjonsmøte

Ope informasjonsmøte vert halde onsdag 30. oktober 2019, kl 17.00 i kantina i Stord kommunale eigedom sitt bygg på Heiane
(adresse; Rundehaugen 45, 5412 Stord).

Merknader

Spørsmål eller merknader til oppstart av planarbeidet skal sendast til:

COWI AS
Postboks 2422
5824 Bergen
eller på e-post: avvk@cowi.com 
Merk oversendinga med referanse: A125159

Kontaktperson: Anja Vik, COWI AS. Mob. 454 48 769

Merknadsfrist: 11. november 2019