Omtale av reguleringsendringa
Reguleringsendring for planID 201220 Hamnegata gjeld endring av føresegnene til planen:
Krav om at parkeringsanlegget i bustadblokk i Hamnegata 15-19 skal dekkja parkeringsbehovet for nye bustader i område bustad/forretning/kontor BFK 4 (Hamnegata 20-22) i reguleringsplan for Hamnegata/Evjo planid R262000 i føresegner §3.4 og §6.3 er fjerna. Endringa legg til rette for at ein kan realisera full utbygging av bustadblokka Hamnegata 15-19, utan å inngå avtale med eigar i den gamle planen (R262000) når det gjeld parkering.
Reguleringsendring for planID R262000 Hamnegata/Evjo gjeld endring av føresegnene til planen:
Føresegn §3.2.6 om parkering er fjerna.
Dokument
Dokumenta knytt til endringsvedtaket er og å finna i kommunen sitt planregister, Arealplaner.no.
Nytt lenkjene under for å finna den einskilde plan i planregisteret, under fane planbehandling.
PlanID 201220 Gnr/bnr 39/147 mfl., Hamnegata
PlanId R262000 Hamnegata/Evjo
Du har rett til å klage
Vedtaket kan påklagast til Statsforvaltaren i Vestland etter §§ 1-9 og 12-12 i Plan- og bygningslova og § 28 i Forvaltningslova.
Klage må grunngjevast og sendast skriftleg til:
Stord kommune, Regulering, byggesak og oppmåling
Postboks 304
5402 STORD
evt. via eDialog eller på e-post til rbo@stord.kommune.no
Klagefrist: 06. oktober 2023
Eventuelle krav om erstatning eller straksinnløysing etter §§ 15-2 og 15-3 i Plan- og bygningslova må for ubygd eigedom vera framsett innan 3 år. For utbygd eigedom gjeld same fristen etter at bygga er fjerna.