Omtale av reguleringsendringa
I samband med utbygging av Stord vidaregåande skule på gnr/bnr 41/102 skal det etablerast ny tilkomstveg med fortau frå rundkøyring i Vikastemmo opp til skuleområdet i tråd med reguleringsplan for Vikahaugane, R214000, vedteken 2003. Eksisterande køyreveg med fortau opp til skuleområde vert endra til gang- og sykkelveg.
Reguleringsendring omfattar ny snusløyfe ved yrkesskule og justert kurvatur for regulert veg med fortau opp til skulen. Det vert også ein mindre justering av trase for eksisterande gang- og sykkelveg i retning undergang til Landåsen. Endra reguleringsplan for Vikahaugane, R214000, opphevar ein mindre del av plan for E39 Rv 544, Vabakkjen krysset, planID R254000.
Dokument
Dokumenta knytt til endringsvedtaket er og å finna i kommunen sitt planregister, arealplaner.no, under fane Planbehandling; sjå lenkene under:
Reguleringsplan Vikahaugane, planID R214000
Reguleringsplan for Vabakkjen, planID R003000
Du har rett til å klage
Vedtaket kan påklagast til Statsforvaltaren i Vestland av den som er part eller har rettsleg klageinterresse, jf. §§ 1-9 og 12-12 i plan- og bygningslova og § 28 i forvaltningslova.
Klage må grunngjevast og sendast skriftleg til:
Stord kommune, Regulering, byggesak og oppmåling
Postboks 304
5402 STORD
evt. via eDialog eller på e-post til rbo@stord.kommune.no
Klagefrist: 26. september 2024
Eventuelle krav om erstatning eller straksinnløysing etter §§ 15-2 og 15-3 i plan- og bygningslova må for ubygd eigedom vera framsett innan 3 år. For utbygd eigedom gjeld same fristen etter at bygga er fjerna.