Føremål

Reguleringsendringa legg til rette for etablering av ishall over eksisterande skeisebane på Vikahaugane og tilkomst til denne.

Dokument

Du har rett til å klage

Vedtaket kan påklagast til Fylkesmannen i Hordaland etter §§ 1-9 og 12-12 i Plan- og bygningslova og § 28 i Forvaltningslova.

Klage må grunngjevast og sendast skriftleg til:

Stord kommune, Regulering, byggesak og oppmåling
Postboks 304
5402 STORD
evt. via eDialog eller på e-post til rbo@stord.kommune.no 

Klagefrist:  11. desember 2020

Eventuelle krav om erstatning eller straksinnløysing etter §§ 15-2 og 15-3 i Plan- og bygningslova må for ubygd eigedom vera framsett innan 3 år. For utbygd eigedom gjeld same fristen etter at bygga er fjerna.