Omtale av planen

Planområdet dekkjer ein omlag 2 kilometer lang vegtrase av fylkesveg 545 ved kommunegrense. Detaljreguleringa vil utvida og retta ut kurvaturen på vegen, slik at vegen skal bli meir oversiktleg og trafikksikker.

Reguleringsplanen som digital kart kan du sjå i Stordkartet.

Dokument

Vedtaket og plandokumenta er å finna i kommunen sitt planregister, Arealplaner.no  under fane planbehandling, søk på planID 201304 eller gå via lenken.

Klagerett

Vedtaket kan påklagast til Statsforvaltaren i Vestland etter §§ 1-9 og 12-12 i plan- og bygningslova og § 28 i forvaltningslova av den som er part eller har rettslig klageinteresse.

Klage må grunngjevast og sendast skriftleg til:

Stord kommune, Regulering, byggesak og oppmåling
Postboks 304
5402 STORD
eller på e-post til post@stord.kommune.no

Klagefrist: 05.06.2024

Eventuelle krav om erstatning eller straksinnløysing etter §§ 15-2 og 15-3 i Plan- og bygningslova må for ubygd eigedom vera framsett innan 3 år. For utbygd eigedom gjeld same fristen etter at bygga er fjerna.