Skilt som viser fyllestasjon for naturgass.Sunnhordland Kraftlag (SKL) ynskjer å byggja ein naturgass-fyllestasjon for bilar i Stord kommune. Ein slik fyllestasjon krev eit visst kundegrunnlag for å kunna etablerast, og det er ein føresetnad at det i løpet av få år vil vera eit tilstrekkelig tal på brukarar.

SKL har i difor invitert kommunen til å inngå førehandsavtale om bruk av gassdrivne bilar og levering av gass. Denne intensjonsavtalen vart vedteken i formannskapet i dag.

80 prosent skal nytta naturgass

Kommunen har omlag femti små og mellomstore bilar, og i følgje avtalen skal 80 prosent av desse nytta naturgass som drivstoff i løpet av tre år. Overgang til gassdrivne bilar vil i første omgang føra til ein kostnadsauke.

Gass som drivstoff er i dag omlag førti prosent rimelegare enn tradisjonelt drivstoff, men denne vinsten vil truleg falla bort ved innføring av avgift på naturgass brukt som drivstoff.

Skal nytta SKL sine fyllestasjonar

Avtalen føreset også at kommunen nyttar SKL sine stasjonar for fylling av gass. Kommunen er underlagt reglar om offentlege innkjøp, og dersom fleire leverandørar av gass er tilgjengelege, må kommunen forhalda seg til vanleg konkurranse og forretningsmessige vilkår.

Gagnar miljøet

I saksutgreiinga til fomannskapet i dag konkluderer rådmannen med at ein finn det rett å støtta opp om tiltak som gagnar miljøet og forhold som kan bidra til redusert utslepp av klimagassar. Dette er også intensjonen i klima- og energiplanen for kommunen.

– Ein vil derfor så langt råd er nytta miljøvennlege kjøretøy i kommunal regi og også leggja mest mogeleg til rette for at innbyggjarar flest også kan nytta miljøvennlege kjøretøy med god tilgang for fylling av miljøvennleg brennstoff og ladestasjonar for elbilar, skriv rådmannen.