Bassenget har ein temperatur på 34 grader, er 12 m x 15 m stort og har ei djupne frå 0,70 til 1,50 m. Her er tilgang til badstue.

Bassenget er tilrettelagt med eigen garderobe for funksjonshemma med heis frå garderobe til basseng og rullestolrampe ut i bassenget. I garderobane er det tilgjengeleg både rullator og dusjstolar. 

Kvifor trena i terapibasseng?
Målgruppe: dei som har behov for ekstra varmt vatn for å halde seg friske og i form, uavhengig av alder og diagnose.

Behandling og trening i vatn kan fremja fysisk funksjon og lindra smerter ved ei rekke funksjonsvanskar. Oppdrift frå vatnet gjer at ein kan bevega seg lettare og med mindre smerter. Motstand i vatn gir effektiv trening.

Grunna oppdrifta i vatnet er det mindre smertefullt å ta vekt gjennom beina. Ein har derfor eit godt utgangspunkt for å betra eller vedlikehalde bevegelses-utslaget i ledda. Vatnet gir og auka motstand mot kroppen slik at ein effektivt kan styrka svak muskulatur. Den høge vasstemperaturen er med på å redusera generell muskelspenning og kan derfor gi auka velvære grunna avspenning.

Korleis kan du nytte deg av dette tilbodet?
Dersom du ynskjer å nytte deg av terapibading, ta kontakt med avdeling for fysioterapi og ergoterapi på telefon 53496688 eller e-post: rehab.basseng@stord.kommune.no. Du kan også ta kontakt per post:

Eining for aktivitet og re/habilitering
v/varmtvassbasseng
Postboks 304
5402 Stord

Du treng ikkje tilvising frå lege. 

Merk førespurnaden med telefonnummeret ditt.  

Fysioterapeut tek kontakt for avtale. Ved behov lagar fysioterapeut treningsprogram. Vidare må ein bestille time og trene på eigenhand. Det er mogleg å ta kontakt med fysioterapeut undervegs.  

Telefonnummer til basseng:  53496708

Kostnad:   
Pris for alle over 18 år er kr 100 per time.

Opningstider:
Tysdag – torsdag: kl. 09.00 – 13.00 
Fredag: kl. 09.00 – 11.30  

Siste onsdag per månad er det stengt.
(I perioden midten av juni til august er bassenget stengt.)