kulturkveldDet vart ein svært vellukka kulturkveld trass dei usikre vermeldingane. Me sjekka veret time for time i dagane før framsyninga. Heldigvis heldt toreveret seg vekke under framsyninga, men regnet måtte me tola. Me er svært imponert over elevane som heldt roen og framførte med glans, sjølv om slusene opna seg innimellom. Etterpå kunne publikum gå på utstillingar inne på skulen, i tillegg til kafear, loppemarknad, filmframsyning av elevlaga film om livet i grua, og visning av arbeidet om gruvene elevane har gjort i minecraft. Takk for mange gode tilbakemeldingar, det er kjekt å sjå at alt arbeidet vert godt motteke.

Inntektene frå kafe og loppemarknad går til ein barneheimen Moyo Mmoja i Tanzania.

Takk til alle føresette som har stilt opp med mat, servering og rydding. Me føler verkeleg at kulturkvelden er eit felles prosjekt me står saman om, både elevar, føresette og tilsette. Bilete frå kvelden og øvingar finn du nedanfor.

Me må òg senda ein takk til Venelaget for Gruo for all hjelpa me har fått i samband med kulturkvelden. Dei har teke i mot elevar og personale på ein framifrå måte, og dei har lært oss mykje om livet i gruvene. Her er lenkje til omtale på Gruo sine nettsider: http://www.gruo.no/?page_id=3336