ettåringen i barnehagen.JPG

Dagane på Veslefrikk er prega av fri leik, tilrettelagte aktivitetar og kvardagsrutinar som måltid, stell, kviletid og leik. Me har stort areal inne, og dette gir god boltreplass for barna. Me likar oss ute i det fine uteområdet vårt som me benyttar oss av kvar dag.

Me har små samlingar der sang og musikk får stor plass. Desse samlingane skjer inne på avdelinga, eller ute på tur. 

Me har eit flott turområde like ved barnehagen, som me kallar for "Haugen". Her får me følelsen av å vera midt inne i skogen og høgt oppe på fjellet. På turane er me opptatt av å gi barna tid og frihet til å utforska  naturen og si eiga kroppslige mestring i ulent tereng.

På denne avdelinga jobbar:

  • Gunn Iren Sælevik- pedagogisk leiar 100% stilling
  • Anne Berit Dagsland - assistent 80 % stilling
  • Solveig Hjøllo- fagarbeidar  60% stilling
  • Britt Guri Bjelland - fagarbeidar 40 % stilling