Tysdag 19. februar klokka 18.00 vert det informasjonsmøte i El&It sine lokaler, 2. etg, raude sjøhus på Leirvik. Inngangen er opp trappa i enden av huset. 

Agenda:

• Velkomen, Informasjon om natteramnsordninga, kva inneber ordninga? Kvifor gjer me dette? Datoar for natteramning, samt ynskjet om vaktleiarar.
• Utekontakten: kven er ungdommen, kvar gjer dei, kvar er dei?
• SLT: Kvifor skal ...ein vera natteramn, kva tener du som forelder på å vera natteramn?
• Politiet: Juss, forventningar, casetrening, papirøvingar, kvar møter natteramnane politiet, kvar skjer ting, kvar går dei, etc.
• Ambulansen: generelt om førstehjelp, situasjonar. Me kan tilby vaktleiarar fullt førstehjelpskurs.

Det vert enkelt servering, difor er det fint om du sender ei melding på om du kjem til: frivilligsentralen@stord.kommune.no