Barneavdelinga på hovudbiblioteket er eit hyggeleg rom å vera i for barna og deira føresette. Vi har delt inn bøkene i avdelinga slik at ein lett finn bøker til den alderen barnet er i. Her kan barna også teikna, leika med lego eller togbana, eller kosa seg i lesehjulet vårt med ei god bok.

Bok & bolle

Bok og bolle

Velkommen til høgtlesing av ei bildebok for barn på scena i biblioteket.

Barna får bolle akkurat i det lesinga startar.

Det er framsyningar for barn mellom 3 - 6 år.

Sjå arrangement og bestill billettar på Facebook

Barnehagebibliotek

Barnehagebiblioteket frå Stord folkebibliotek er ei ordning der barnehagen kan få ei kasse bøker til kvar avdeling levert av biblioteket kvar tredje månad. Vi både leverer og hentar. 

Bøkene er utstyrt med eit nummer, og foreldra kan difor låna frå kassene ved å notera nummeret på boka og barnet sitt namn på ein plakat. Ved levering stryk ein berre over nummeret igjen og legg boka attende i kassa.

Pr. januar 2024 har me sju barnehagar med i denne ordninga. Vil barnehagen din gjerne vera med, er det berre å ta kontakt med oss på biblioteket!

Bøkene kjem i kasser av 25 bøker til avdelingar for dei eldste barna, og 20 bøker for avdelingar med yngre barn. Bøkene er plukka ut av barne- og ungdomsbibliotekaren vår.

Klassebesøk

Skuleklassar er velkomne til biblioteket etter avtale. Vi tar gjerne imot klassar på besøk i biblioteket. Barne- og ungdomsbibliotekaren vår har tilpassa opplegg til kvart skuletrinn.

Ta gjerne kontakt med oss og høyr kva vi kan tilby klassen din.

Klassar som ønskjer formidling eller anna opplegg på biblioteket må ta kontakt med oss på førehand og avtala tid. Send e-post til bibliotek@stord.kommune.no

Digitale eventyrstunder

Dame viser en bok
Vår flinke formidlar Camilla Ruhs fortel levande og engasjerande for barn.

Då coronaen råkte oss, måtte vi tenkja nytt i formidlinga til barn. Sjå dei flotte digitale eventyrstundene her:

Jack og Bønnestengelen
Masja og bjørnen
Skinnvotten - et ukrainsk eventyr

Utlån til skular og barnehagar

Biblioteket gjev tilbod om utlån for kortare eller lengre tid til skular og barnehagar.

For barnehagar kan det vera aktuelt å låna bokkasser med biletbøker for lesing og høgtlesing. For skulane kan det vera aktuelt å låna bøker i samband med lesestimuleringsprosjekt eller emneopplegg.

Både skular og barnehagar kan nytta institusjonslånekort. Det er då den einskilde barnehage eller skule som står ansvarleg for låna, og ikkje den einskilde barnehagetilsette eller lærar.

Ver venleg å gje biblioteket melding minst ei veke på førehand om du ønskjer å låna ei bokkasse.

Kontakt Camilla Ruhs: camilla.ruhs@stord.kommune.no