Både du og helsepersonell kan sjå desse opplysingane, så om du blir akutt sjuk, har helsepersonell rask og sikker tilgang til opplysingane om deg.

Kjernejournalen din inneheld:

  • Sjukdom og kritisk informasjon
  • Eigne registreringar
  • Vaksinar
  • Donorkort
  • Reseptar og legemidlar
  • Prøvesvar
  • Dokument
  • Besøkshistorikk
  • Logg over bruk

Du kan sjølv sjekka om opplysingane stemmer og registrera endringar. Logg inn fo å sjå din kjernejournal - Helsenorge

Fullmakt

Du kan gi andre fullmakt til å sjå og registrera opplysingar på dine vegne, og du kan få tilsvarande fullmakt frå andre.

Kva ønskjer du å gi fullmakt til?

  • Sjå opplysingar i kjernejournalen din
    Du må gi fullmakt til «Innsyn i opplysninger registrert om deg».
  • Endra eller leggja inn opplysingar
    Du må gi fullmakt til «digitale helsetjenester».

Fullmakt til å bruke Helsenorge på vegne av andre - Helsenorge

Barn og ungdom

Barn under 12 år

Du kan nytte denne tenesta på vegne av barn under 12 år som du har foreldreansvar for.

Foreldre med foreldreansvar har rett til innsyn i barnet sin kjernejournal og kan få dette på Helsenorge for barn som er inntil 12 år, men berre dersom minst éin av foreldra er folkeregistrert på same adresse som barnet:

  • Dersom ein eller fleire av foreldra er folkeregistrert på same adresse som barnet, vil begge foreldre kunne få digitalt innsyn i barnet sin kjernejournal.
  • Dersom ingen av foreldra er folkeregistrert på same adresse som barnet, vil ingen av dei kunne få digitalt innsyn i barnet sin kjernejournal.

Barn og ungdom 12 til 15 år

Digitalt innsyn i kjernejournal er ikkje tilgjengeleg når du representerer barn mellom 12 og 16 år. Du kan i staden kontakta barnet sin fastlege eller anna lege som behandler barnet.

Ungdom fra 16 år

Når den du har foreldreansvar for har fylt 16 år har du ikkje lenger tilgang til helseopplysingane deira. For å få tilgang til pasientjournalen kan ungdommen sjølv logga seg på Helsenorger - Helsenorge, eller gi deg fullmakt.

Slik representerer du andre på Helsenorge - Helsenorge