Mindre arbeidskraft - fleire eldre

Stord kommune er i ein situasjon der befolkningssamansetjinga endrar seg. Det blir langt fleire eldre og færre barn og unge, noko som medfører at ressursbruken må endrast. Dessutan fører dette til at tilgangen på arbeidskraft minkar, samstundes som forventningane frå innbyggjarane og staten berre aukar og aukar. Korleis vil dette utfordra berekrafta i kommuneøkonomien i Stord framover? Og korleis skal me organisera tenestetilbodet i Stord kommune i framtida – og kommunesektoren – for å klare av dei store oppgåvene som ligg framfor oss?

Håvard Moe, seniorrådgjevar i KS Konsulent, vil teikna opp tre moglege scenario for utviklinga av kommunesektoren – og Stord kommune – fram mot 2040. Han er seniorrådgjevar og har jobba i KS-Konsulent sidan 2003. Moe har hatt direkte oppdrag i over tre hundre av landet sine kommunar og kjenner kommunesektoren og Sunnhordland sine utfordringar godt. Moe jobbar særleg med kommuneøkonomi, strategi, styring, planlegging, omstilling, organisasjons- og leiingsutvikling, og Kommunekompassevalueringa.