Komité for næring, miljø og kultur vedtok følgjande tildeling av prisar:  

Kulturstipendet 2010

Kulturstipendet på 50 000 kroner vert delt mellom Vidar Hope og Olaug Spissøy Kyvik med 25 000 kroner kvar.

Olaug Spissøy Kyvik 

Søkte stipend til å laga kortfilmen ”Kan hende anar eg eit mønster her”. Prosjektet er initiert av regissør/fotograf Olaug Spissøy Kyvik og dansar/koreograf Marit Loe Bjørnstad. Manuskriptet er utarbeidd i samarbeid mellom dei to.

Vidar Hope

Søkte stipend til bokprosjekt med arbeidstittel ”Musikkøya Stord gjennom 50 år – 1960-2010”. Dette vert ei lokalhistorisk bok, og han vil dokumentera korleis musikklivet har utvikla seg på øya gjennom åra, frå tida med dans på lokalet til dagens musikkmiljø med ulike sjangrar.
I søknaden går det fram at Hope vil intervjua musikarar og band frå Stord for å dokumentera aktiviteten gjennom fem tiår, og samla dokumentasjon som finns på øya.

Eldsjelprisen

Åshild Bjelland Kalleklev og Arne Michael Kalleklev for eventyrskogen i Landåsen.


Seniorprisen

Gjertrud Eikeland for at ho er aktivt med over alt og spreier livsglede og humør på ein framifrå måte. Eikeland er til dømes medlem i Stord pensjonistforening og er fast pianist på alle lagsmøta. Det vert også framheva at Gjertrud jamt og trutt deltek på tilstellingar ved ulike eldre- og sjukeinstitusjonar både i Stord og Kvinnherad. Ho er ei kvinne som arbeider i det stille for å gjera kvardagen ljos og god for sine medmenneske.


Målprisen

Almås Hotell vart tildelt målprisen med følgjande grunngjeving:
Almås hotell driv innan ein bransje som er sterkt pressa språkleg. Dei syner ei klar haldning til språkspørsmål ved marknadsføring og på nettsida www.almas-hotell.no. Hotellet er det einaste på Stord som er konsekvente nynorskbrukarar.


Kulturprisen

Kulturprisen 2010 vart tildelt Torleiv Agdestein. Han har i ei årrekkje, saman med gjengen i Chiclets, gjort ein stor innsats i musikk- og kulturlivet på Stord. Han har spelt i mange samanhengar både for vaksne og barn. Han har vore med på Barnas dag (Raude kross) og karnevalet til Internasjonal Kulturklubb. Innsatsen hans toppa seg i 2009 med storsatsinga ”Stord Gode Tider” saman med Songlaget Stordabuen der Agdestein stod for ide, musikk, tekst og biletutval.