Ta kontakt med vaksinekontoret for å avtala time.
Ring 481 44 387
Send SMS til 481 44 387: I tekstmeldinga kan du skriva: Namn, fødselsdato og kva vaksine du ønskjer. Så vil du få svar på SMS.
Avtalt vaksinasjon skjer på helsestasjonen i Helseparken, Borggata 5-7, 3. etasje.
Influensavaksine kan setjast samstundes med korona- eller pneumokokkvaksinen. Elles må det gå minst 1 veke mellom ulike vaksinar.
Risikogrupper
Følgjande er risikogrupper:
- gravide i 2. og 3. trimester. Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko, etter legevurdering
- bebuarar i omsorgs-, alders- og sjukeheim
- personar over 65 år
- vaksne og born med:
- diabetes type 1 og 2
- kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
- kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
- nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom
- svært alvorleg fedme, dvs. KMI over 40 ( KMI = kg/m2)
- annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege
Pris
Influensavaksine kr. 200,-
Pneumokokkvaksine kr. 500,-
Koronavaksine gratis
Les meir om vaksine for vaksne her Vaksiner til vaksne - FHI