Hos oss får barnet ditt vera ein del av ein inkluderande fellesskap, der me fokuserer på å byggja gode relasjonar mellom små og store. Barna vert tekne på alvor, sett og høyrt - der me til dømes lar dei små få velja kva tema dei vil arbeida med og at me byggjer aktivitetar rundt interessene til barna. På den måten deltek barna aktivt i demokratiske prosessar og får medverka i sin eigen kvardag.

Barnehagen har eit trygt og godt tilrettelagt fysisk miljø. Me er optekne av at det psykiske miljøet skal verea like trygt og godt. Våre tilsette skal derfor opplevast som autoriative vaksne, som syner omsorg, er varme og set grenser. Me jobbar også systemtatisk for å førebyggja alle former for mobbing og negativ åtferd.

Som ny i barnehagen, skal barnet ditt få bruka den tida det treng til å verta kjent og trygg på folk og omgjevnader. Me legg derfor vekt på ein oppstart med foreldreaktiv tilvenning - der barnet heile tida står i fokus. Allereie her startar samarbeidet mellom barnehage og heim, eit samarbeid me ønskjer skal vera tett og nært gjennom heile barnehagetida.

Å bidra til å utvikla robuste barn med god livsmeistring

Dette målet ønskjer me å nå gjennom å gi ditt barn og deg som føresett:

  • Ein trygg og god oppstart i barnehagen
  • Ein nær og kjent vaksen som følgjer barnet i dei ulike overgangane i barnehagen
  • Særskilt fokus på tilrettelegging for dei aller yngste
  • Personale med høg barnehagefagleg kompetanse
  • Frukost, lunsj, frukt og mjølk i samsvar med anbefalingar frå helsedirektoratet, til kostpris
  • Turar i nærområdet og fokus på variert fysisk aktivitet
  • Pedagogisk arbeid ut frå barnet si modning
  • Ei god markering for barnet når det avsluttar barnehagetida og skal byrja på skulen
  • Ulike familie- og foreldrearrangement
  • Foreldremøte, foreldresamtalar og temabaserte foreldrekveldar
  • Open og gjensidig kommunikasjon, gjennom tett dialog med heimen

Du er ein viktig medspelar!

Som føresett er også du ein bidragsytar til at barnet opplever barnehagen som ein trygg og god stad å vera. For å gjera tilvenninga og tida etter så enkel og triveleg som mogleg, ber me deg hugsa på å:

  • Bidra til å skapa eit godt samarbeid mellom heim og barnehage
  • Alltid ha barnet sitt beste i fokus
  • Vera oppteken av barnet sin trivsel og utvikling
  • Delta på foreldremøte, foreldresamtalar og andre arrangement
  • Lesa informasjon frå barnehagen
  • Respektera barnehagen si kjernetid og opningstid
  • Koma med tilbakemeldingar til dei vaksne på avdelinga, både om kva som er bra og kva som kan gjerast betre
  • Ringa, senda sms eller e-post dersom barnet ditt har fri eller er sjuk

Opningstid

Klokka 06.30-16.15

Kontaktinformasjon

Skogatufto barnehage

Telefon: 53 40 33 80
E-post: skogatufto.barnehage@stord.kommune.no 

Furuly barnehage

Telefon: 53 45 45 95
E-post: furuly.barnehage@stord.kommune.no 

Trodlahaugen barnehage

Telefon: 53 45 43 80
E-post: trodlahaugen.barnehage@stord.kommune.no

Sagvåg barnehage, avdeling Nysæter

Telefon: 53 40 33 94
E-post: sagvag.litlabo.barnehage@stord.kommune.no 

Sagvåg barnehage, avdeling Tjødnalio

Telefon: 53 40 33 76
E-post: tjodnalio.barnehage@stord.kommune.no