Tar i bruk DigiHelse
Innbyggjardialog

Frå 21. januar 2019 tek Stord kommune i bruk digitale tenester innafor kommunal helse og omsorg (DigiHelse).
Her kjem litt informasjon om digital innbyggjardialog via helsenorge.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
På helsenorge.no kan du sende og få meldingar frå helse og omsorgstenesta i kommunen. Du kan sjå avtalar om heimebesøk og du kan få varslar om utførte heimebesøk på tekstmelding eller e-post.
Dette tilbodet skal sikre at du som får tenester frå kommunen eller er pårørande
- enklare kan ha kontakt om det som er viktig for deg
- slepp telefonkø
- kan skrive og lese meldingar når og kvar det passar for deg
- har oversikt over kva du får av hjelp og enklare kan planlegge kvardagen
- kan gi beskjed når det er nødvendig og endre eller avbestille avtalar
Meldingane du sender på helsenorge.no kan erstatta beskjedar og spørsmål som du fram til no har gjort pr. telefon, papir eller andre måtar.
- Når du kontaktar helse og omsorgstenesta i di kommune via helsenorge.no vil dei svare via helsenorge.no.
- Du kan forvente å få svar første virkedag etter at du har sendt ei melding.
- Meldingane frå deg blir berre lest av tilsette i helse og omsorgstenesta som har lov til å sjå opplysningar om deg.
- Du vil få varsel om nye meldingar til deg på tekstmelding eller e-post, avhengig av kva du føretrekk.
Du må logga deg inn på helsenorge.no. Her må du bruke bank ID eller tilsvarande når du loggar inn grunna sikkerheit. For å bruka tilbodet må du ved innlogginga akseptera bruksvilkåra. Frå du aksepterer bruksvilkåra vil det ta ein dag før du kan bruka det nye tilbodet på helsenorge.no Det er og mogleg å gi andre fullmakt til å bruka tilbodet på vegne av deg. Her finn du fullmaktsskjema Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Dette kan også gjerast på helsenorge.no. Du avgjer sjølv kva personar du ynskjer å gi fullmakt til.
Me innfører innbyggjardialog som eit pilotprosjekt saman med Odda kommune, og me har stor tru på løysinga. Dette vil både sikra kommunikasjonen og sikkerheita rundt informasjonsflyten. Og det vil gjere kvardagen for innbyggjarane enklare. Oslo, Bergen, Gjerdrum, Os og Giske er dei kommunane som har tatt i bruk løysinga.
Kommunesektorens organisasjon (KS) har ansvar for nasjonal innføring av løysninga. Dei jobbar for at løysinga skal takast i bruk i alle kommunar for å sikra eit samla tenestetilbod til innbyggjarar
Her kan du lasta ned brosjyre i pdf pdf, 709 kB, åpnes i nytt vindu.
Videoar:
https://www.youtube.com/watch?v=ZhU5nwkPbXA Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
https://www.youtube.com/watch?v=_leqgoeDTQQ Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Les meir om DigiHelse på www.helsenorge.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. eller www.ks.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Sist oppdatert
