Velkomen til foreldrerettleiingskurs

Circle of Security (COSP)

COSP (Tryggleikssirkelen på norsk) er eit manualbasert rettleiingsprogram for omsorgspersonar som ynskjer ein trygg relasjon til sine born

Målgruppa er foreldre og andre omsorgspersonar for born i alderen frå 10 månader til 6 år. Du treng ikkje oppleva at foreldrerolla er spesielt vanskeleg eller at bornet ditt har særskilde behov for å delta. Kurset foregår i grupper med 8-10 omsorgspersonar over 8 samlingar med ei varigheit på ca. 1,5 time kvar gong.

Med utgongspunkt i filmmateriale og refleksjonar rundt Tryggleikssirkelen lærer du korleis du kan støtte bornet i to grunnleggjande behov; behovet for beskyttelse og omsorg og behovet for å utforske og meistre verda.

Gjennom kurset får du verktøy og trening i korleis tolke bornet sine signal, og korleis du kan møte bornets emosjonelle behov. Du vert inviterert til å reflektere over eigen barndom, og korleis tidlegare omsorgserfaringar påverker deg i foreldrerolla. Gjennom auka refleksjon kan du gjere medvitne val over kva verdiar og strategiar du vil ta med deg i omsorga for ditt born.

Føremålet med kurset er å gje foreldre eit godt utgongspunkt for å meistre foreldrerolla, og stimulere til sunn utvikling og god psykisk helse hjå bornet. God støtte frå foreldre vil kunne styrke bornet frå starten av utviklinga, og vil kunne vera ein beskyttande faktor for bornet gjennom heile livet. Kunnskap og refleksjonar som foreldra tileigner seg gjennom kurset er tenkt å vera relevante gjennom heile oppveksten.

PÅMELDING:

COS kurs dagtid september 2026 – Fyll ut skjema Lenke til et annet nettsted.

COS kurs ettermiddagstid september 2026 – Fyll ut skjema Lenke til et annet nettsted.

Vil du veta meir om kurs i Tryggleikssirkelen anbefalar vi deg å se filmane på nettsida folkOm Lenke til et annet nettsted. og Circle of Security International -- Connection - YouTube Lenke til et annet nettsted.

 

Har du spørsmål kan du ta kontakt med COS - koordinator: tonje.skorpen@stord.kommune.no

 

 

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?