Baby Blues

Møteplass for mødre med barn mellom 0 -12 månader

Svangerskap, fødsel og barsel kan vera ei krevjande tid. Det er ikkje uvanleg at ein kan ha vanskelege kjensler og tankar knytt til det. Du er ikkje åleine. 

Kven passar tilbodet for?

Det kan vera at du har hatt eit vanskeleg svangerskap, at du har hatt ein vanskeleg fødsel eller at det er vanskeleg i parforholdet. Nokon kan vera einsame og har lite familie- eller sosialt nettverk å støtte seg til. Nokon har hatt psykiske utfordringar tidlegare i livet og kan vera uroa for eller ynskjer å førebygga at dei får oppblomstring av symptom i barseltida.

Baby Blues er ei gruppe med 6-7 mødre som møtast ein gong i veka i ein periode over 11 veker. Samlingane er godt tilrettelagd for deg og barnet ditt. Me har ulike aktivitetar (som til dømes rolig yoga, babysong og babybading). Annakvar gong snakkar me om typiske utfordringar i kvardagen, psykisk helse og meistringsstrategiar.

Me tilbyr kaffe/te og litt å bite i. 

Ny gruppe startar opp 07. september 2026.

Ta kontakt med jordmor/helsesjukepleiar eller direkte med ein av oss dersom du ynskjer meir informasjon.  

Familieveiledar:

 tonje.skorpen@stord.kommune.no  Telefon: 456 56 328

Kommunepsykolog: 

elin.haukanes@stord.kommune.no Telefon: 904 77 834

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?