Stord kommune Ve og vel

Velkomen til Velferdsklubben. Klubben har som føremål å fremja eit godt sosialt miljø blant alle tilsette i Stord kommune, m.a. ved å opparbeida felles interesser for fritidssysler som idrett, friluftsliv og andre sosiale tiltak.

Følg Ve og vel på Facebook Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Stord Ve og Vel ynskjer også i år å tilby medlemm

aneå vera med i Litlatraven og Storatraven Turorientering.

Pris

De får 50 % avslag på vanleg pris. Det vert då 50,- for Litlatraven og 75,- for Storatraven. 

Vipps 551659 – Stord kommune ve og vel eller betal kontant (hugs å ta med nøyaktig sum då me ikkje har vekslepengar!!!)

I år vert travarane seld frå kundetorget i rådhuset i opningstida som er mellom 09.30 og 14.3

0.

Områda og registrering

Litlatraven: Digernes og lærarskulen

Storatraven; Skjephaugen, fjellstova, Lundarstølen og Gruvene.

Postane registrerer du i  appen Turorientering (Ny) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. eller på nett via nettsida Turorientering.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Ta med deg familien, vener eller kollegaer på tur i skogen og vert kjend med nye områder på Stord.

Fine premiar vert trekt ut mellom dei som fullfører. Velforeininga supplerar med ekstra vinstar mellom medlemmane våre!

Ver med då vel, dette vert vilt vakkert og rått!!

Alle tilsette i Stord kommune har rett til å vera medlem i Velferdsklubben. I klubben har alle medlemmar same rettar, uansett stilling. Pensjonistar kan framleis vera medlemmar ved å betala kontingent.

Medlemsskapet er friviljug. Inn og utmelding skal skje skriftleg.

NB! Fleire pensjonistar som har jobba i Stord kommune er og med hos oss. Ved å betala kontingent er dei fullverdige medlemmar med same rettar som alle andre.
NYHEIT! Er du pensjonist frå Stord kommune og ønskjer å vera medlem framleis? No kan du vippsa medlemsavgifta til oss på #551659. NB! Hugs å sende oss e-post adressa di om du vil ha nyheiter frå oss. 

Kontingent og innmelding

Årskontingent er kr 360 pr. år, som vert trekt frå lønn i desember kvart år. Om du ikkje rekk å melda deg inn til lønnstrekk i desember 2024, vil du bli trukke årskontingenta i januar 2025.  

Vil du verta medlem? Send e-post til hanne.flakstad.gunnarson@stord.kommune.no med namn, tilsettnummer og e-postadresse.

Leiar: Espen Lamo, tekniske tenester, tlf 975 52 047
Nestleiar: Grete Urdal, løn og personal
Kasserar/medlem.reg: Hanne Gunnarson-Sæbø, aktivitet og rehabilitering, tlf. 488 64 316
Skrivar: Merethe Eldøy Eikenes, fellestenester og heimebaserte tenester

Styremedlemmar:

Olaf Dahl, habilitering

Tore Hatlevik, kulturtenester, tlf. 982 69 900

Tori Stokke Mæhle, IKT, tlf. 990 08 815

Øyvind Spissøy, tekniske tenester, tlf. 997 25 052

Yngve Kannelønning, tekniske tenester, tlf 920 95 046

Åse Taranger, førebyggjande tenester

 


 

Rabatten gjeld hos Sport1 på Stord. Her får ein 15% i butikk med unnatak for ammunisjon, elektronikk og pakketilbod.

  • Avtalen gjeld for Monter butikkane i heile landet og ikkje berre her på Stord. 
  • Dei har over 6000 ulike varer i sortimentet.
  • Rabattane vil variera frå produkt til produkt då dei har ulik avanse på varene sine. 
  • Gjeld ikkje på kampanjevare/alt rabatterte prisar.
  • Avtalen er den same som mellom anna dei tilsette på Aker har.

Stord Ve og vel har behandlingsavtale med Nemus Stord. 

Prisane som gjeld for medlemmar av Stord Ve og Vel:

Førstegangsbeh/kiropraktor og fysio:  kr.   750,-    (ord.pris 850,-)
Påfølgandebeh/kir og fysio:                  kr.   590,-   (ord.pris 690,-)
Muskelterapeut 90 min.                         kr. 1300,-   (ord.pris 1380,-)
Muskelterapeut 60 min.                         kr. 1100,-   (ord.pris 1200,-)
Muskelterapeut 30 min.                         kr.    610,-   (ord.pris  690,-)
Psykomotorisk fysio.                              kr. 1080,-    (ord.pris 1150,-)
Osteopat/førstegangs:                           kr.   950,-     (ord.pris 1050,-)
Oppfølgingbeh/osteopat:                       kr.   710,-    ( ord.pris    790,-)
 

Merk at dette gjeld kun medlemmane i Stord Ve og vel, og ikkje alle tilsette i Stord kommune. For spørsmål, ta kontakt med Espen Lamo, mob. 975 52 047.

Gjeld Brilleriet Stord og Brilleriet Heiane

(prisar per mai 2021)

  • Synsprøve 790,00 (eig. 990,00)
  • 15 % på brilleinnfatningar og solbriller

NB! Me gjer merksam på at vidareleige av utstyr, hytte og båt ikkje er tillate.

Betal med Vipps til Stord kommune Ve og vel: 551659


TilbodPrisKontaktperson
Bensindriven vedkløyvar50,- kroner for første 3 dagar, deretter kr. 100,-/dag

NB! Fyll opp bensinkanna.
Brannstasjonen v/Frode Lillerud
Tlf. 975 52 052
Elektrisk vedkløyvar50,- kroner for første 3 dagar, deretter kr. 100,-/dagBrannstasjonen v/Frode Lillerud
Tlf. 975 52 052
Kappsag50,- kroner for første 3 dagar, deretter kr. 100,-/dagBrannstasjonen v/Frode Lillerud
Tlf. 975 52 052
Høgtrykkspylar m/ terrassevaskar og røyrreinskar50,- kroner for første 3 dagar, deretter kr. 100,-/dagBrannstasjonen v/Frode Lillerud
Tlf. 975 52 052
Båthengar (2017 modell), 16 fot – maks 750 kg50,- kroner for første 3 dagar, deretter kr. 100,-/dagØyvind Spissøy tlf. 997 25 052
Liten tilhengar50,- kroner for første 3 dagar, deretter kr. 100,-/dagØyvind Spissøy tlf. 997 25 052
Stor tilhengar med vangar/grinder50,- kroner for første 3 dagar, deretter kr. 100,-/dagØyvind Spissøy tlf. 997 25 052
Straumaggregat50,- kroner for første 3 dagar, deretter kr. 100,-/dag. 

NB! fyll opp bensinkanna.
Espen Lamo tlf. 975 52 047


Alt utstyr skal leverast attende minst like fint som då du fekk det, gje melding til kontaktpersonar om feil/manglar!

Leilegheiter i Røldal
Stord Ve og Vel eig tre leilegheiter, to store og ei lita, ved Røldal Terasse. Dei store (69 m2) er identiske berre speglvende, og har 8 sengeplassar kvar. Den vetle er 28 m2, men godt utnytta arealmessig og har 3-5 sengeplassar. Her er velutstyrte kjøken og i kjellaren finn du garasje med bod. Leilegheitene ligg ved Røldal skisenter. 
2 skikort følgjer med dei store leilegheitene og eit med den vetle.

For meir info og bilete sjå: Informasjonsskriv om leilegheitene i Røldal pdf, 440 kB. eller kontakt Espen Lamo på telefon 97 55 20 47  eller mail espen.lamo@stord.kommune.no

Søk om å leige leilegheitane i Røldal i desember og januar Lenke til et annet nettsted.(Det er berre mogleg å søkja innan gitte søknadsfristar, gjeld vintersesong) 

Husøya, helge- og vekeopphald
Husøya ligg i innseglinga til Leirvik hamn og eit steinkast frå "Leirvik sveis". Hytta ligg lunt til på austsida av øya og her er fint å bada. Hytta er utstyrt med straum, toalett, innlagd vatn og avlaup, Tv og kjøleskåp. Det er dyner og bestikk. 
Dette er eit flott tilbod som me håpar medlemmane gjer seg nytte av. Velferdsklubben disponerer båt til utleige, denne kan òg leigast separat. Det er flott betongkai ved hytta.

Namnet på øya kjem truleg av at det ein gong har stått eit hus der. Kva tid det var og kven som budde der veit ein ikkje. Øya tilhøyrde opphavleg Hystadgarden. I 1919 kjøpte skipsreiar og fabrikkeigar Mons Isaksen Aslaksvik Husøya. I 1934 vart øya seld til ingeniør Steien. Året etter kjøpte kaptein Høviskeland som budde på Hystad, Husøya. Det var familien Høviskeland som bygde hytta som no er restaurert.

Kommunen overtok øya 9/2-1973 og sjøspeidarane fekk nytta hytta mot å halda ho i stand. No er det Velferdsklubben som disponerer hytta. Det vart lagt ned mykje godt dugnadsarbeid før ho var ferdig for utleige frå juli -2000. I 2015-17 vart taket skifta, ny landgang er kome til og det er gjort fleire andre oppgraderingar.

Pris for eit døger er 500,-  deretter 250,- pr døger.  Ein kan leiga makismalt 1 veke samanhengande. Leiga vert trekt i løn. Det er ikkje lov med framleige. Søk om å leige Husøya her Åpnes i nytt vindu.

Bilete av hyttene finn du på facebooksida til Ve og Vel øvst på sida.

Kontakt: Stord kommune Ve og Vel v/ Espen Lamo 975 52 047

Til sommar- og julaferien trekkjer me ut premiar i form av gåvekort, mat, kinobillettar eller andre høvelege ting. Her er alle som er medlem med i trekninga. Om ein vinn vert det sett karantene på 2 trekningar slik at sjansane vert større for dei som ikkje har vunne før.

Ve og Vel har utstyrt eit trimrom i rådhuskjellaren. Dette bør du prøva! Inngang på nordsida, mot stomas, og du treng nøkkelkort/brikke for tilgang. Ta kontakt med leiar i Ve og vel om du ikkje har nøkkekort/brikke.

Det vert arrangert ulike aktivitetar i løpet av året bowling, leirdueskyting, dugnad, kommunefest med revy m.m.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?