Feira nyutdanna fagarbeidarar

Tysdag 25. november samla kommunen nye fagarbeidarar, familie og fagansvarlege til fagbrevutdeling i rådhuset.

alle fagarbeidararen står ved sida av einannan og held fagbrevet sitt

Bak frå venstre: kommunedirektør Tommy Johansen, Iversen Tuva Giving, Hillesdal Sigurd, Alsaker Robin Hauge, Munyamariza Celestin, Stenbråten Elias With, Havn Christer Sauholmen, Agasøster Steffen Alexander og fagansvarleg Gisle Østrem. Framme frå venstre: lærlingkoordinator Grete Urdal, Kamjang Suchada, Sætre Oda Clausen, Vørøs Lina Engevik, Grov Ulrikke Lillejord, Berge June Marie, Sandven Michelle Amundsen , Ottesen Tomine og fagansvarleg Inger Vik Framnes.Foto: Haldis Lauksund

21 lærlingar i Stord kommune har bestått fagprøven i 2025, innanfor Helsearbeidarfag, Byggdriftarfag, Iktfag og Barne og ungdomsarbeidarfag.

Det var 14 fagarbeidarar som hadde moglegheit å delta på utdelinga av diplomet for bestått fagbrev. Dei andre får diplomet tilsendt i posten.

Lærlingkoordingator Grete Urdal ønskja velkomen til samlinga og gratulerte dei alle med den store milepælen det er å oppnå eit fagbrev.

Rundt lærlingane våre er det eit stort støtteapparat. Eg som lærlingkoordinator, fagansvarleg, instruktørar, kollegaer og leiarar ute i einingane. Me har alle heia på lærlingane, men den størst jobben har dei gjort sjølve og denne dagen kunne me feira at dei alle har blitt fagarbeidarar. Dette var det første kullet lærlingar eg som koordinator har fått fylgja frå intervju til bestått fagbrev. Det har vore ei fin, spanande og lærerik reise, seier Urdal.

Kommunedirektør Tommy Johansen haldt ein flott tale og understreka verdien dei som lærlingar har hatt for vår kommune. Det er rift om unge lærlingar og han takka for at dei valgte Stord kommune som læreplass og håpa dei har alle har hatt ei fin læretid hos oss.

Me ynskja dei lukka til vidare på ferda.

Maria Boross frå Kulturskulen sto for det kulturelle innslaget og spelte fiolin for oss.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?