Pris for innovasjon og nytenking til «Møteplassen»
Stord kommune har delt ut prisen for innovasjon og nytenking til Fagavdeling Rehabilitering, helse og omsorg (RHO) for tiltaket «Møteplassen – ein arena for å utvikla leiarrolla».

Prosjektleiar HIlde Susann H. Aadland og avdelingsleiarane Bente Bjelland og Jane Nerhus tok imot prisen for innovasjon og nytenking 2025. Foto: Haldis Lauksund
Prisen skal løfte fram gode døme på nytenking som bidreg til berekraftige løysingar, betre kvalitet og meir effektiv oppgåveløysing i kommunen. «Møteplassen» er etablert som ein ny arena for erfaringsutveksling, kollegastøtte, fagleg samarbeid og kompetanseheving for avdelingsleiarar i RHO – ei gruppe som tidlegare har mangla ein felles møteplass.
I vurderinga av tiltaket vart det lagt særleg vekt på at «Møteplassen» er eit nyskapande tiltak som styrkjer kvaliteten i leiarskapet og legg til rette for betre bruk av kompetanse på tvers av einingar. Tiltaket er utvikla med høg grad av medverknad frå dei tilsette, og er eit døme på korleis idear til nyskaping kan verta fanga opp, tekne i bruk og slik skapa gode verdiar for Stord kommune.
Administrasjonsutvalet er jury for prisen og vurderer tiltaka opp mot eitt eller fleire av følgjande kriterium:
- om tiltaket er nyskapande
- om tiltaket medfører betre kvalitet
- om tiltaket medfører auka effektivitet
- om tiltaket har overføringsverdi til andre einingar eller tenester
Juryen peika også på at «Møteplassen» har stor overføringsverdi til andre sektorar i kommunen, og at modellen kan tilpassast og nyttast i tilsvarande utviklingsarbeid.
Kunst og pengar
Stord kommune sin pris for innovasjon og nytenking består av eit kunstverk med verdi inntil 10 000 kroner og ein pengesum på 10 000 kroner. Prisen kan nyttast fritt av dei tilsette eller eininga som mottar han.
Prisen vert delt ut årleg og er ein del av kommunen sitt arbeid med å stimulera til utvikling, samarbeid og kontinuerleg forbetring av dei kommunale tenestene.
Sist oppdatert
