Tilsetjingsutvalet innstiller ny kommunedirektør i Stord kommune.
Tilsetjingsutvalet innstiller einstemmig Mariann Jacobsen Hilt som ny kommunedirektør i Stord kommune.
No er det opp til kommunestyret å handsame saka frå arbeidsgjevarutvalet i sitt komande møte 11.februar.
– «Me er svært nøgd med å kunne innstille Mariann som ny kommunedirektør. Ho er ein trygg og erfaren leiar med solid kompetanse og eit engasjement som vil koma både organisasjonen og innbyggjarane til gode,» seier ordføraren.
Grundig prosess
Stillinga vart lyst ut i november, og tilsetjingsprosessen har vore omfattande, med fleire intervju, testar og referansesjekkar. Til saman åtte kandidatar søkte stillinga, og tilsetjingsutvalet innstiller einstemmig Hilt som best kvalifisert kandidat basert på den definerte stillingsprofilen.
Tydeleg og samlande leiar
Mariann Jacobsen Hilt blir omtala som ein synleg, lyttande og strategisk sterk leiar med god forståing for kommunal verksemd og dei utfordringane sektoren står i. Ho har særleg utmerkt seg med evna til å skapa tillit, involvera breitt og kombinera strategisk retning med operativ gjennomføring.
– «Eg gler meg til å ta fatt på oppgåva og til å samarbeida med tilsette, politikarar og lokalsamfunn om vidare utvikling av Stord kommune,» seier Hilt.
Lønsrammer
Ho vert innstilt med ei årsløn på kr 1 470 000,-.

Sist oppdatert
