Birthe Blokhus er tilsett som ny kommunalsjef for oppvekst og kultur i Stord kommune

Blokhus har lang og solid leiarerfaring frå kommunal sektor, og brei erfaring frå ulike delar av oppvekstfeltet.

Kommunalsjef for oppvekst og kultur

Foto: Kjetil Fyllingen

Stord kommune har etter ein grundig rekrutteringsprosess tilsett Birthe Blokhus som ny kommunalsjef for oppvekst og kultur.

Ho har sidan 2016 vore einingsleiar i førebyggande tenester i Stord kommune, og har gjennom åra vist sterk gjennomføringsevne og trygg leiing i høgt endringstempo og stramme rammevilkår. Blokhus har inngåande kjennskap til kommunen, organisasjonen og regionen, og syner god rolleforståing i møtet mellom politikk og administrasjon.

Leiarskapet hennar er prega av tydeleg retning, involvering og relasjonsbygging, kombinert med evne til å samle organisasjonen om felles mål. Som kommunalsjef vert Birthe leiar for dei kommunale grunnskulane, vaksenopplæringa, barnehagane, kultureininga, barnevernet og eining for førebyggande tenester.

– Me er svært nøgd med å få Birthe med oss vidare i utviklinga av oppvekst- og kultursektoren i Stord kommune, og ser fram til eit godt samarbeid, seier kommunedirektøren.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?