MOT reiser landet rundt på draumeturné

Onsdag 29.april fekk Nordbygdo Ungdomsskule besøk av MOT Norge og deira team.

MOT på Draumeturné

Turnéen besøker 30 MOT-skular i heile landet i løpet av 2026, og i år var Nordbygdo Ungdomsskule ein av dei heldige.

MOT teamet på skulen har saman med ungdommane planlagt og jobba for at denne dagen skulle verte magisk! Heile personale har òg deltatt i førebuingane, og var ein del av ramma rundt denne flotte dagen! Ønske var å by på et energifylt show med blant anna MOT-ambassadør og breakdancer Daniel Grindeland, lokale ungdomsinnslag frå alle trinn, konkurransar og inkluderande aktivitetar. 

Breakdancer, Daniel Grindeland.

Rektor hadde tidleg denne morgonen heist MOT flagget og rulla ut den raude løparen for anledningen! Morgonen starta med sol, musikk, smil, hei og oppkutta frukt til alle! Elevane hadde Quiz og kjekke konkurransar og aktivitetar gjennom dagen. Det vart ein heidundrandes Draumekonsert, med lokale innslag frå alle trinn, både korpsmusikk og band. Lærarane klinka og til med eit hemmeleg innslag, "MaskoNORama"- der nokre lærarar hadde kledd seg ut, og song. Seinare skulle elevane gjette kven som gjøymde seg bak maska.

"MaskoNORama" ved lærarane ved Nordbygdo ungdomsskule.

To elevar fekk og oppfylt ein av draumane sine denne dagen. Ein elev skal få bli med på innspeling av TV-programmet "Bakemesterskapet", for å få sjå korleis ei slik innspeling går føre seg, som inspiasjon til vidare val av yrke. Ein anna elev hadde ein draum om at heile skulen skulle få ein felles gratis lunsj- og felles lunsj vart det. Pizza vart levert til heile skulen! Dette takka vere lokale bedrifter som sponsa.

Fokuset denne dagen var inkludering, fellesskap, positivitet, gleda av å glede andre og ikkje minst- det å heie på kvarandre og draumane våre. Store som små! 

MOT-ungdom ved Nordbygdo ungdomssskule

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?