Me introduserer natteramnsordninga på nytt!
Ungdommane våre treng trygge vaksne som bryr seg – bli med på laget!
Frivilligsentralen, i samarbeid med politiet, eining for kultur og eining for førebyggande tenester, organiserer ordninga. Me treng deg som er ein engasjert føresett, besteforelder – eller deg som vil vera med og ta i eit tak for lokalsamfunnet vårt. Me oppmodar særleg alle føresette med ungdom i kommande 8. trinn om å delta, men alle vaksne er hjarteleg velkomne til å ta ei økt for fellesskapen.
Å gå natteramn handlar om å vera til stades for barn og unge når dei er ute om kvelden, ta ansvar og visa omsorg når det trengst. Det handlar òg om at me saman kan skapa tryggleik, trivsel og tilhøyrsle i lokalsamfunnet vårt, slik at barn og unge får ein trygg oppvekst og fritid.
Tidlegare har behovet for natteramnar vore størst i helgane, men no samlast ungdommane mest etter skuletid og utover kvelden i vekedagane. Difor justerer me ordninga til vekedagar og tidlegare på kvelden. Me veit at mange samlast i sentrum/Leirvik, og at dei kjem frå alle skulekrinsane – difor er dette aktuelt for alle.
Dei som melder seg på e-post adressa under, vert kalla inn til eit felles oppstartsmøte. Der får ein informasjon om kva oppgåvene går ut på, når det er aktuelt å involvera andre instansar, og praktisk informasjon om oppmøtestad for natteramnane.
Bry deg om ungdommane våre – bli med og skap meir trivsel og tryggleik i fellesskap.
Kva tid: vekedagar frå kl 18-21
Kvar: Leirvik sentrum
Du melder deg her: natteravn@stord.kommune.no
Det vert halde informasjonsmøte 20.05. kl 19 på Kulturhuset

Frå venstre: ordførar Sigbjørn Framnes, einingsleiar i eining for kultur Anne Lene Østvold Jordåen, kommunedirektør Mariann Jacobsen Hilt og einingsleiar i eining for førebyggande helse Birthe Blokhus. Foto: Torill Elen Rønnekleiv
Sist oppdatert
