6. trinn "byggjer seg båt" på Jensaneset
I mai har 6. trinn vore siste kull ut i ein årelang tradisjon i stordskulen: Dei har nemleg vore med på Sunnhordland museum sin kulturarv-verkstad Eg byggjer meg ein båt.
Dette året er alle skulane på Jensaneset i Sagvåg, og Bjørn Arve Lunde og Torill Berger Falk leier elevane rundt på verftet, speler skodespel og set dei i gang med ulike praktiske oppgåver. Elevane får læra om og utøva tradisjonshandverk og ikkje minst få formidla viktig lokalhistorie frå kunnskapsrike og engasjerte folk.
Takk til lokale bedrifter som har hjelpt til med bussmidlar, slik at alle elevane har fått reist til Sagvåg. Me får tilbakemelding om at lærarar og elevar tykkjer det er spennande å sjå og læra meir om den lokale båtbyggjartradisjonen på Stord. Ikkje berre er dei med på å byggja båt, men dei er òg med på å byggja seg ein lokal identitet.

Torill Berger Falk syner tømmerlagringa på Jensaneset.

Bjørn Arve Lunde forklarar og demonstrerer oppgangssag.
Sist oppdatert
