Stord kulturskule - ei veke full av gode opplevingar
Førre veke feira Stord kulturskule 50 år med ei rekkje arrangement i heile kommunen.

Elevar og lærarar har stått på både seint og tidleg med konsertar og aktivitetar i kulturhuset, i Galleri Giga, på Sagvåg Bistro & Scene, på Stord sjukeheim og på Knutsaåsen. Det har vore lunsjkonsert, pop-up piano, gitarkonsert, slagverkkveld, utstilling i Galleri Giga, instrumentverkstad, canjo-bygging og Open kulturskule, der barn, unge og vaksne kunne få prøva ulike instrument og aktivitetar. Til og med på Thon-senteret kunne dei som ønskte det få prøva seg på fiolinspel.
Laurdag var hovuddagen i jubileumsveka. Dagen starta med korpskonsert i Museumsparken, før det heldt fram med dans, kunstmåling og ein flott jubileumskonsert i Museumshallen. Seinare på dagen vart det full jubileumsfest i Gropo, utanfor kulturhuset, med band, solistar, dans og helsing frå ordførar. Ordføraren avduka også det flotte kunstverket som elevane på visuell kunst har vore med på å laga. Kunstverket heng no på veggen på kulturhuset, ut mot Gropo.

Elevane strålte, publikum storkoste seg, og sola skein. Det vart ei verdig og veldig fin avslutning på ei innhaldsrik jubileumsveke.
Stord kulturskule ved rektor Gareth Whittaker vil retta ei stor takk til elevar, føresette, lærarar, samarbeidspartnarar og publikum som var med og gjorde jubileumsveka mogleg. Hurra for dykk!

Sist oppdatert
Bli elev i Stord kulturskule?
Om du - eller nokon du kjenner - har lyst til å bli elev, er det berre å søkja om plass på nettstaden vår.
