Besøk av barnehagane på brannstasjonen

Den siste tida har me hatt gleda av å få besøk av alle skulegruppene frå barnehagane i kommunen. Dette er ein del av oppfølginga etter at me i haust besøkte barnehagane med Bjørnis sitt undervisningsopplegg innan brannvern.

Under besøket fekk borna møte både Bjørnis og høyre forteljinga om Bex. Dette var stor stas, og mange hadde mykje dei ville fortelje om det dei hadde lært om brannvern.

Brannkonstabel og brannbamse snakkar med to barn inne på ein brannstasjon ved sidan av brannbil

Barna fekk også sjå nærare på brannbilane, utforske utstyr og stille spørsmål . Som ei ekstra påskjøning fekk alle is og eigne drikkeflasker med seg heim.

Brannkonstabel står i døropninga til ein raud brannbil og hjelper eitt barn som sit inne i bilen, medan fleire barn står på golvet og ser på i brannstasjonen

Då me var ute i barnehagane i haust, fekk barna med seg "lekser" heim. Desse skulle gjennomførast saman med dei vaksne, og handla mellom anna om å teste røykvarslarane i bustaden, snakke om branntryggleik og gjennomføre ei enkel brannøving heime. Målet er å gjere både barn og vaksne meir medvitne om kva dei skal gjere dersom det oppstår brann.

Brannkonstabel og stor brannbamse i uniform står framfor ei gruppe barn som sit på golvet inne i ein brannstasjon og følgjer med på ei forklaring

Me vil rette ei stor takk til alle barna, føresette og tilsette i barnehagane som har bidrege til å gjere dette til eit flott og lærerikt brannvernprosjekt. Gjennom engasjerte barn når viktig kunnskap om branntryggleik heilt inn i heimane – og det er kanskje den viktigaste gevinsten av alle.

Me håpar både Bjørnis, Bex og besøket på brannstasjonen har gitt gode opplevingar og nyttig læring som barna tek med seg vidare. 

Alle bilete er frå: Stord brann og redning

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?