FACT-ung Sunnhordland med toppresultat i fidelity-undersøking

FACT-ung Sunnhordland har oppnådd den høgaste scoren av dei ulike FACT-ung teamene i Norge, i den nyleg gjennomførte fidelity-undersøkinga.

Dette er ei viktig og anerkjennande stadfesting på at teamet arbeider i tråd med modellen og leverer tenester av høg kvalitet til målgruppa.Ei fidelity-undersøking måler i kva grad ein praksis blir gjennomført slik han er meint – og er dermed eit sentralt verktøy for å sikre kvalitet, effekt og fagleg utvikling i tenestene.

FACT-ung Sunnhordland er eit prosjekt som vert finansiert gjennom midlar frå Helsedirektoratet og statsforvaltaren i Vestland. Det er kommunane Stord, Bømlo og Fitjar saman med spesialisthelsetenesta i Helse Fonna, BUP Stord som samarbeider om teamet. Teamet har base på blåbygget i Sagvåg og yt tenester til ungdommar og familiar i alle dei tre kommunane.  

Kva er FACT-ung?

FACT-ung står for Flexible Assertive Community Treatment og er eit tverrfagleg og oppsøkande behandlingstilbod for ungdom med samansette og langvarige utfordringar innan psykisk helse, rus og sosiale forhold. Eit kjenneteikn er at ungdomane ikkje har fått tilstrekkeleg effekt av det ordinære behandlingstilbodet i barnevernet, spesialisthelsetenesta eller andre delar av tenesteapparatet. Teamet har fagpersonar frå både spesialisthelsetenesta og kommunen, og arbeider tett saman for å gi heilskapleg og koordinert oppfølging.

Ein sentral del av modellen er at hjelpa vert gitt der ungdommen er, heime, på skulen eller i nærmiljøet og at intensiteten i oppfølginga kan tilpassast behovet over tid. Målet er å sikre stabilitet, førebyggje forverring og bidra til at ungdommane får betre meistring i kvardagen.

Eit resultat av målretta arbeid

Resultatet til FACT-ung Sunnhordland speglar eit tydeleg engasjement for ungdommane ein arbeider med. Gjennom tett oppfølging, fleksible løysingar og ei heilskapleg tilnærming har teamet vist korleis ein kan møte komplekse behov på ein trygg og effektiv måte.

Dette er ei anerkjenning av innsatsen til alle involverte – frå fagpersonar og leiarar til samarbeidspartnarar – som kvar dag bidreg til å gjere ein forskjell. At FACT-ung Sunnhordland kjem ut med høgast score av alle team i Norge, vitnar om systematisk arbeid, godt samarbeid på tvers av fag og tenester, og ei sterk forankring i både metodikk og verdiar.

Einingsleiar Birthe Blokhus var med på ei lita feiring og fortel meir om teamet.

Me er stolte av teamet og ynskjer FACT-ung Sunnhordland hjarteleg til lukke med det imponerande resultatet! Dette syner at me saman kan få til god behandling utanfor det tradisjonelle behandlingsapparatet som er meir tilpassa målgruppa, og ikkje minst får gode behandlingsresultat. Modellen er tilpassa dagens ungdom og er ein metodikk for framtida. Prosjektet er inne i sitt siste prosjektår, men me vonar å kunne fortsetje med teamet, modellen og metodikken i framtida og.

Sju personar frå FACT-ung teamet

Bak frå venstre: Sigrud Hillesdal, Bente Grindevik Tholvsen, Jan Helge Dalland, teamleiar Kristine Sætrevik, Amalie Iversen, Borghild Mathisen, Åse Taranger

Ikkje tilstades : Maria Kristin Særsten, Julie Iversen Rafdal

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?