Nytt søknadsskjema til helse- og omsorgstenester

Stord kommune har tatt i bruk eit nytt søknadsskjema for helse- og omsorgstenester.

Målet er å få betre informasjon om situasjonen din, slik at me kan gi rette og målretta tenester til rett tid. Opplysningane du gir i søknaden dannar grunnlaget for vurdering av kva hjelp du treng.

Me oppmodar alle til å søkja digitalt via kommunen si nettside. Digital søknad gjer det enklare å fylla ut søknaden og sikrar at nødvendige opplysningar kjem med. Dersom du treng hjelp til å søkja, og ikkje har nokon i nettverket ditt som kan hjelpa deg, kan kommunen hjelpa deg med søknaden. Du kan framleis levera søknad på papir dersom du ønskjer det.

Har du spørsmål eller treng hjelp, kan du ta kontakt med kommunen på telefon 54 49 66 00.

Lenke: Helse- og omsorgstenester - søknad - stord Lenke til et annet nettsted.

 

Søknad skjema for helse-og omsorgstenester

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?