Reguleringsplan for E39 Ådland – Svegatjørn (Hordfast) på høyring
Statens vegvesen har no lagt ut statleg reguleringsplan for E39 Ådland – Svegatjørn til offentleg ettersyn. Føremålet med planen er å regulera arealet til veg, tunnelar, bruer og andre anlegg for ny E39 på strekninga mellom Ådland (Stord) til Svegatjørn (Os).

Det er Statens vegvesen som er ansvarleg for reguleringsplanen og høyringa. Det betyr at reguleringsplanen blir vedtatt av Kommunal- og distriksdepartementet. Grunneigarar får skriftleg melding om høyring og høyringa vert kunngjort i avisa. Alle kan kome med sine innspel og merknader til høyringa. Gå til Statens vegvesen si nettside for å lese alle dokumenta og sjå plankart, sjå lenke under:
Oversikt alle plandokument Lenke til et annet nettsted.
Oversikt plankart Lenke til et annet nettsted.
I samband med utlegginga av planforslaget blir det halde folkemøte i dei tre
kommunane:
Folkemøte Tysnes kommune: Måndag 31. august kl. 18-20 i Tysneshallen, Uggdal
Folkemøte Stord kommune: Tysdag 1. september kl. 18-20 på Kulturhuset, Stord
Folkemøte Bjørnafjorden kommune: Onsdag 2. september kl. 18-20 i Oseana, Os
Tidspunkt for opne kontordagar vil bli annonsert i avisene og på prosjektsida.
Slik sender du høyringsuttale
Høyringsuttale og innspel til planarbeidet kan sendast innan 1. oktober via digital
merknadsportal på prosjektsida E39 Ådland–Svegatjørn (Hordfast/Stord-Os) | Statens vegvesen Lenke til et annet nettsted.
Alternativt kan du sende innspel via e-post til firmapost@vegvesen.no, eller brev til
Statens vegvesen, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 LILLEHAMMER. Merk e-post
og/eller brev med «20/9401 E39 Stord-Os»
Sist oppdatert
