Newton-rom 

Newton-konseptet er eit heilskapleg system for langsiktig satsing på realfag i skulen, der elevane får praktisk undervisning i tråd med læreplanen i eit spesialutforma Newton-rom.

I løpet av skuleåret 2025/2026 fekk alle elevane på 6. og 9. trinn i Stord kommune tilbod om ei læringsøkt i Newton-rommet, gjennomført med fast lærar tilsett for å undervisa i Newtonrommet. Elevane har fått oppleva spennande og praktisk læring innan naturfag, teknologi og matematikk på ein engasjerande måte. Gjennom dei ulike opplegga har dei mellom anna arbeidd med programmering, energi og eksperiment, og fått prøva seg på problemløysing i praksis.

Aktivitetane legg til rette for utforskande læring, samarbeid og kreativ tenking, og gir elevane høve til å sjå samanheng mellom teori og verkelege utfordringar. For mange har dette vore ei motiverande og inspirerande oppleving som har styrkt interessa for realfag.

Her er nokre av tilbakemeldingane frå elevane etter læringsøkt på Newton-rommet:

  • «Veldig gøy og fin praktisk undervisning.»
  • «Kjekt, variert og lærerikt.»
  • «Eg syntest det var gøy. Det var bra å få ein dag som ikkje var heilt som ein vanleg skuledag, samstundes som me lærte mykje.»
  • «Bra og masse bra utstyr.»

 

 To nye Newton-modular

Me er veldig takksame for gåva frå Subshore, som har gjort det mogleg å utvikla to nye Newton-modular for barnehagane: «Den kulaste fisken» og «Bee-Bot og humleliv».

Første trinn ved Sagvåg skule fekk testa ut «Den kulaste fisken» i mai. Under ser de bilete frå dagen.

Skuleåret 2026/2027 vil Newton-rommet tilby fire Newton-modular:

  • «Den kulaste fisken» for barnehagane
  • «Bee-Bot og humleliv» for barnehagane
  • «Robotar og omkrins» for 6. trinn
  • «Energisk» for 9. trinn
Newton rommet skuleåret 25/26
Newton rommet skuleåret 25/26
Newton rommet skuleåret 25/26
Newton rommet skuleåret 25/26
Newton rommet skuleåret 25/26

Alle foto: Franny Maria Bøthner

 Vedtak om Newton i Stortinget

Den 4. juni behandla Stortinget eit representantforslag frå Høgre om tiltak for å møta realfagskrisa. I vedtaket ber Stortinget regjeringa legga særleg vekt på praktisk, variert og relevant læring i realfag gjennom heile utdanningsløpet.

Stortinget ber òg regjeringa styrka arenaer og tilbod som aukar elevane si interesse for realfag, der Newton-rom er nemnt som eitt døme. I tillegg vedtok Stortinget å be regjeringa greia ut korleis Newton-konseptet med Newton-rom kan byggast ut, slik at fleire kommunar får tilgang til tilbodet.

Fagavdeling for oppvekst og kultur i Stord kommune ser fram til å sjå kva denne utgreiinga vil visa. Me er trygge på at Newton-konseptet gir elevane i Stord kommune eit ferdig utvikla og kvalitetssikra verktøy for å styrka realfaga gjennom praktisk og motiverande undervisning.

Gjennom etableringa av Newton-rommet og deltaking i eit nasjonalt nettverk får kommunen tilgang til kompetanse, undervisningsopplegg og støtte til implementering. Samstundes kan ordninga tilpassast lokale behov. Satsinga bidreg til auka læringsutbytte og styrkt rekruttering til realfag.

Me set derfor stor pris på støtta me har fått frå det lokale næringslivet.

Tusen takk til næringslivet på Stord som har støtta Newton-rommet: Aker Solutions, Sparebanken Norge, Multiconsult, Leirvik, SKL og SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?