Kondolanse etter bortgangen til Hans Majestet Kong Harald V
Det er med stor sorg me har motteke bodskapen om at Hans Majestet Kong Harald V er gått bort.

Foto: Kimm Saatvedt, Det kongelige hoff
Det er med stor sorg me har motteke bodskapen om at Hans Majestet Kong Harald V er gått bort.
Gjennom meir enn 35 år som konge har Kong Harald vore ei trygg, varm og samlande kraft for Noreg. Med klokskap, humor og eit ekte engasjement for menneska han møtte, har han sett djupe spor i landet vårt.
Kong Harald var ein folkekonge som såg og møtte menneske med respekt, uavhengig av bakgrunn og livssituasjon. Han stod for eit Noreg der fellesskap, inkludering, toleranse og medmenneskelegheit skulle stå sterkt.
Mange på Stord vil òg minnast Kong Harald gjennom besøka hans og møta med menneske i kommunen og regionen. Desse møta har skapt gode minne som vil bli tekne vare på.
I dag går tankane våre til Hennar Majestet Dronning Sonja, kongefamilien og alle som stod Kong Harald nær.
På vegner av Stord kommune og innbyggjarane våre vil me retta ei djup takk til Kong Harald for den lange og viktige tenesta han har gjort for landet vårt.
Me lyser fred over minnet til Kong Harald V.
Sigbjørn Framnes
ordførar i Stord
Mariann Jacobsen Hilt
kommunedirektør
Kondolanseprotokollar i Stord
I samband med bortgangen til Hans Majestet Kong Harald V legg Stord kommune ut kondolanseprotokollar der innbyggjarar kan skriva ei siste helsing.
Protokollane vert lagde ut frå kl. 13.00 fredag i resepsjonane på Stord rådhus og Stord kulturhus.
Opningstider:
- Stord rådhus:måndag-fredag kl. 12.00–14.30
- Stord kulturhus: måndag til og med fredag kl.09.00 – 21.00, laurdag 11.00-18.00 og søndag frå kl.15.00-21.00
Me ønskjer å gje alle som ønskjer det, høve til å uttrykkja medkjensle og takksemd gjennom ei personleg helsing.
Markering i sørgjeperioden
Regjeringa har fastsett nasjonal sørgjeperiode frå dødsdagen og fram til gravferdsdagen. Stord kommune vil markera dette i tråd med nasjonale retningslinjer. Det vert flagga på halv stong ved fleire av kommunen sine bygg i dag. I perioden fram til gravferda vert det flagga ved Stord rådhus og Stord kulturhus. Arrangement og aktivitetar bør gjennomførast med verdigheit og med omsyn til den nasjonale sørgjeperioden. Stord kommune vil elles vurdera behovet for eventuelle tilpassingar av arrangement og aktivitetar i perioden, og informera dersom det vert gjort endringar.
Blomsterhelsing og lystenning
Mange ønskjer å visa sorg og takksemd gjennom ei blomsterhelsing eller ved å tenna lys. Stord kommune legg til rette for dette i parken utanfor Stord kulturhus, der innbyggjarar kan leggja ned ei helsing til minne om Kong Harald.
Nettsida vert fortløpande oppdatert med informasjon om markeringar og praktiske ordningar i samband med Kong Harald sin bortgang

Foto: Mariann Jacobsen Hilt
Sist oppdatert
