Informasjon om bruk av restlysforsterkande og termiske hjelpemiddel under hjortejakta 2026

I Stord kommune er det ikkje innført lokal forskrift, som opnar for bruk av restlysforsterkande eller termiske siktemiddel under hjortejakta i inneverande jaktsesong 2026.

Ei eventuell forskrift vil først verta vurdert gjennom sakshandsaming og høyring etter nyttår. Dersom kommunen seinare vedtek ei slik forskrift, vil desse hjelpemidla tidlegast kunne nyttast ved jakta i 2027.

Det er difor dei ordinære reglane gjeld for jakta i Stord kommune i 2026. Handhaldne termiske kikertar og observasjonsutstyr kan nyttast til observasjon, men termiske og restlysforsterkande siktemiddel kan ikkje nyttast under ordinær hjortejakt per i dag.

Bruk av termisk kikkert til observasjon endrar ikkje rapporteringskrava. Hjort som vert observert ved bruk av termisk kikkert skal registrerast som «sett hjort» på same måte som observasjonar gjort utan slike hjelpemiddel.

Ved ettersøk av skadd vilt gjeld eigne reglar, og bruk av termisk utstyr og restlysforsterkande utstyr er framleis tillate der regelverket opnar for dette.

Sist oppdatert

To hjorter
Fant du det du var på jakt etter?