Markering av Kong Harald Vs gravferd, onsdag 9. september 2026

Stord kommune skal markera gravferdsdagen på ein verdig og samlande måte, samstundes som kommunen sine tenester vert oppretthaldne som normalt.

Gravferda finn stad i Oslo domkyrkje kl. 13.00. Heile landet er oppmoda til eitt minutts stille frå kl. 13.00 til kl. 13.01.

Me ber difor om at entreprenørar og andre aktørar som arbeider på oppdrag for Stord kommune, så langt det er praktisk mogleg, stansar arbeidet og markerer eitt minutts stille frå kl. 13.00 til kl. 13.01.

Me ber samstundes om at støyande arbeid, anleggsaktivitet og bruk av større maskiner i kommunal regi vert stansa kl. 13.00, og gjerne under den sentrale delen av gravferda når dette kan gjerast utan vesentlege driftsmessige konsekvensar.

Dette er ikkje meint som eit pålegg om endringar i arbeid som medfører kostnader eller andre kontraktsmessige konsekvensar. Naudsynte arbeidsoperasjonar og omsynet til tryggleik skal sjølvsagt takast vare på.

Grunnskulane og barnehagane i Stord kommune vil ha eigne opplegg for å markera gravferdsdagen på ein verdig måte, tilpassa alder og situasjon.

Me ber om at informasjonen vert formidla vidare til aktuelle mannskap og eventuelle underentreprenørar.

Takk for at de bidreg til ei verdig og respektfull markering av gravferdsdagen.

Sist oppdatert

Bilete av kong Harald V

Foto: Kimm Saatvedt, Det kongelige hoff

Fant du det du var på jakt etter?