Kulturverndagane held fram - i dag med sag
I går husa biblioteket debatt om bruk av gamle hus og i dag har elevar ved Hystad og Rommetveit skular rydda fram arkeologiske kulturminne.

Elevar på 5. trinn ved Hystad skule står parat med hekksaksene.
Ein noko annleis skuletime: Utstyrt med hekksakser, sag og hanskar, fekk elevane ei innføring i å skjøtta lokale kulturminne.
Arkeologar frå Vestland fylkeskommune leia elevane i arbeidet. Dei fortalde om korleis folk levde langt tilbake i tid - kva spor me framleis kan sjå etter dei, og både kvifor og korleis me kan ta vare på desse spora.
Elevane på Rommetveit var på Gildeskålbakken og Valevågen, og Hystad-elevane var på Grønneset. Det var så mykje å rydda at dei ikkje vart heilt ferdige, men arkeologane skraut av innsats og kjekke elevar på begge skular.
Kulturverndagane vidare
Det har vore mange kjekke arrangement allereie, og no står desse att å notera seg i kalenderen:
- Laurdag 12.9: Bygningsverndag på Søre Tveita Lenke til et annet nettsted.
- Søndag 13.9: Geologiens dag i Gruo Lenke til et annet nettsted.
- Torsdag 17.9: Føredrag om skipsbygging på Sunnhordlandstunet Lenke til et annet nettsted.
OBS at føredaget om naust ved Kjell Magnus Økland 15. september på Stord Maritime Museum, er utsett. Ny dato kjem.
Sist oppdatert
Tilleggsinnhold
Tilleggsinnhold som kontaktinformasjon, åpningstider eller lignende.
Innholdet skal alltid pakkes inn i dekorasjonen «Tilleggsinnhold»
