Søknad om tilskot frå spelemidlane 2026

Kultur- og likestillingsdepartementet deler kvart år ut stønad frå spelemidlane til bygging eller rehabilitering av anlegg for idretts- og friluftsliv. 

Ein kan søkja om tilskot til følgjande:

  1. Ordinære anlegg
  2. Nærmiljøanlegg

Stønaden er i hovudregel 1/3 av godkjend kostnad for dei fleste ordinære anlegga. Nærmiljøanlegg kan få inntil 50% støtte, med ei øvre tilskotsgrense på 400.000,- kroner. Nedre tilskotsgrense er 50.000,- kroner.

 

Alle søknader skal no fremjast elektronisk, sjå nettsida www.idrettsanlegg.no Lenke til et annet nettsted.. Her finn de og føresegnene som gjeld.

Før de legg inn søknader, eller om de har spørsmål/treng meir informasjon, ta kontakt på straumpost sylve.rusten@stord.kommune.no eller telefon 900 92 581. Alle søknader på ordinære anlegg skal ha vedlagd behovsvurdering.

 

NB! Gjer merksam på at alle som alt har inne søknader og må ta kontakt. Anlegg som er ferdige skal søkja med revidert rekneskap.

Søknader om spelemidlar for år 2026 (tildeling 2027) må vera Stord kommune i hende seinast 15.10.26.

Fotballmål

Foto: Haldis Lauksund

Sist oppdatert

Kontakt

Sylve Rusten

Telefon: 900 92 581 

E-post: sylve.rusten@stord.kommune.no

Fant du det du var på jakt etter?