Vatn - eigenberedskapsveka
Visste du at styret i bustadselskap kan etablere felles eigenberedskapslager?
Til dømes kan ein lagre drikkevatn i kjellaren eller andre fellesareal.
Slik lagrar du drikkevatn for éi veke
Ved bortfall av vatn frå springen, treng du vatn til både drikke, matlaging og hygiene. For å dekke minimumsbehovet i éi veke, bør du lagre om lag 20 liter vatn per person.
Du kan bruke:
- Vatn frå butikken – flasker eller dunkar.
- Vatn frå springen – fyll sjølv i reine behaldarar.
Slik gjer du det steg for steg
1. Reingjering av behaldarar
- Vask flasker eller dunkar med såpe og vatn, og skyl godt.
- Fyll med vatn og tilsett 2 korkar klorin per 10 liter vatn.
- La stå i minst 30 minutt, tøm ut og skyl godt.
2. Fylling
- Fyll behaldarane heilt fulle med kaldt vatn frå springen.
3. Lagring
- Oppbevar vatnet på ein mørk og kjøleg stad, utan direkte sollys.
- Reint vatn i reine behaldarar kan lagrast i fleire år.
Tips for lagring i heimen
- Bruk fleire små dunkar – dei er lettare å plassere enn store.
- Lagre under kjøkkenbenken, i skap eller andre ledige plassar.
- Bur du i bustad med fellesareal? Spør styret om moglegheit for felles lager.
Hugs: Jus, brus og andre alkoholfrie drikker kan også bidra til væskebehovet

Foto: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
Sist oppdatert
