Ergoterapiens dag

I dag, 27.10.26, markerer me Ergoterapiens dag!

Ergoterapi handlar om å hjelpe menneske til å meistre kvardagen og delta i aktivitetane som er viktige for dei. Me kartlegg kva som hindrar aktivitet og finn løysingar gjennom mellom anna trening, tilrettelegging, hjelpemiddel og rehabilitering.

Målet er auka sjølvstende og meistring. Tidleg og målretta innsats kan samtidig redusere eller utsetje behovet for hjelp frå andre helse- og omsorgstenester.

«Ergoterapeutar bidreg til at folk meistrar kvardagsaktivitetar sjølve, framfor at anna helsepersonell må utføre dei.»

Behovet for ergoterapi er stort, og me har i dag venteliste til tenesta. Dette viser kor viktig ergoterapeutisk kompetanse er for å fremje meistring og sjølvstende og bidra til tidleg og førebyggjande innsats.

Agenda Kaupang har på oppdrag frå Ergoterapeutene sett nærare på nytten av proaktiv ergoterapi i ein rapport frå april 2026. Rapporten viser gjennom konkrete eksempel korleis ergoterapeutiske tiltak kan gi gevinstar både for den enkelte og for tenestene.

Eit konkret eksempel er å ta på støttestrømper. Dersom ein person treng hjelp frå heimesjukepleien i 15 minutt, to gonger dagleg, er kostnaden i eksempelet berekna til 263 000 kroner og 400 arbeidstimar per år.

Med ergoterapeutisk oppfølging kan personen i staden få kartlagt kva som gjer aktiviteten vanskeleg, trene på alternative teknikkar og prøve ut hjelpemiddel som ein strømpepåtrekkjar. I eksempelet er det sett av to timar ergoterapi, berekna til 1 000 kroner, med mål om at personen skal klare oppgåva sjølv.

Rapporten viser kor stor forskjell sjølv eit relativt enkelt tiltak kan gjere. Lukkast den proaktive innsatsen i berre 1 av 250 tilfelle, er den ifølgje eksempelet lønsam.

Det illustrerer godt kva ergoterapi kan handle om: å bruke ressursar tidleg for å skape meistring, sjølvstende og betre bruk av ressursane over tid.

Les kortversjon av rapporten fra Agenda Kaupang Lenke til et annet nettsted.


Sist oppdatert

Ergoterapauter

Foto: Hilde N. Nordtveit

Fant du det du var på jakt etter?